Kva med ein spennande firmatur til vakre Eidfjord? Opplev den storslåtte naturen, oppdag lokale skattar og la deg inspirere av Eidfjords unike kultur og historie. Saman kan de styrke bånda i teamet, nyte god mat og skape fine minner. Velkomen til Eidfjord!
FORSLAG TIL PROGRAM
DAG 1
Ankomst Eidfjord
Tid for fagleg innhald / møter
Innsjekk der de skal bu
Besøk på Norsk Natursenter
Sidersmaking og middag
DAG 2
0800 – 0900 Frukost
0900 – 0930 Køyr 17 km til Fossatromma og parker der
0930 – 1130 Gå ned gamlevegen og stien inn til
Vøringsfossen t/r ca 7,5km
1130 – 1230 Køyr opp til Fossli og parker. Gå den flotte rundturen på sti via gamle Vøringfoss bru, ned til elva og opp den nye, spektakulære trappebrua og sti til Fossli.
1230 – 1300 Retur til Eidfjord
1300 – 1445 Lunsj på Tunet på Haugen inkl. vikinghistorie
1445 – 1745 Kajakktur på fjorden med Best Adventures
1745 – 1900 Ribsafari med Hardanger Fjordsafari
2000 – 5-rettars middag på Sjel & Gane inkl. vinpakke
DAG 3
0800 – 0930 Frukost
0930 – 0945 Køyr 6 km til Simadal, parker ved Sima kraftverk
0945 – 1115 Gå den bratte stien opp til Kjeåsen og/eller
1000 – 1015 Køyr opp til Kjeåsen / 1130 – 1145 køyr ned frå Kjeåsen
1200 – 1230 Rask dusj og utsjekk
1300 – 1400 Lunsj på Fjell & Fjord Kafè og Kremmeri
1400 – 1500 Spasertur og Besøk på Fjåk Sjokolade (på forespørsel, min. 12 pax)
.
INFO OG BOOKING:
Destinasjon Eidfjord
turistinfo@visiteidfjord.no
Tel. 53673400