Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Dette høgfjellsområdet høver godt både for erfarne fjellfolk og for dei som ynskjer å prøve fjellferie for første gong.
Nasjonalparkområdet er godt tilrettelagt for turar sommar og vinter med merka løyper for dagsturar eller overnattingsturar. Du kan gå frå hytte til hytte, ligge i telt, ha base på ein campingplass eller på eit av hotella på fjellet eller ved fjorden.
Langs Rv 7 over Hardangervidda ligg m.a. Dyranut Fjellstova 1245 moh. og Liseth Pensjonat og Hytter. Nokre timar frå bilvegen inne på vidda ligg turisthytta Rauhelleren 1220 moh. Alle stadane er gode utgangspunkt for fjellturar, fisking og andre aktivitetar på Hardangervidda. Den siste skituren kan du vanlegvis gå i juni, og frå starten av juli er det klart for fotturar.