Dyranut - Hedlo – Sandhaug – Dyranut

Dyranut - Hedlo – Sandhaug – Dyranut, 3 dagars tur på Hardangervidda.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Start eller avslutt gjerne turen med ei overnatting eller eit måltid på Dyranut Fjellstova eller Dyranut Turisthytta

1. etappe:

Dyranut – Hedlo, 23 km
Start turen på Dyranut. Gå sørover mot Nybu, fortset vestover gjennom Bjoreidalen, via Tverrgavlen og Dyresminne. Fortset forbi Haraldshaugane og gjennom Hedlebotnane til Hedlo.

Overnatting på Hedlo Turisthytte

2. etappe:

Hedlo – Sandhaug, 27.8 km:
Gå sørover langs Veig med nydelege fiske- og badeplassar, på austsida av Rjotemyrane til Rjoto. Gå over brua og vidare til stidelet mot Hadlaskard. Fortsett mot sør-aust opp mellom Rjupehaug og Trongaskardnutane og gjennom Hallaskar. Sørover i stidelet med ruta Bjoreidalen-Hadlaskard og gjennom Låghellerskaret. Nytt stidele til Hadlaskard sør-aust for Grananuten. Mot aust over Sørfjordingsrindane. Stidele til Besso på Vierslahæ. Vidare mot sør-aust på nordsida av Nordmannslågen over Grønahæ, på brua over Nordåna, over Hestaleitet og Holmsbuhallet til Sandhaug.

Overnatting på Sandhaug Turisthytte

3. etappe

Sandhaug – Dyranut, 23.4 km:
Gå opp aust for Trondavadnutane, vidare vest for Reinsmyrtjørna, gjennom Eiriksbudalen. Gå brua over Snero og vidare langs køyrespor. T-ruta tar av til venstre frå køyresporet ca. 1 km etter brua. Like etter er stidele til Trondsbu, Tinnhylen og Stigstuv. Vidare på vestsida av Hellehalsen og Gunnarshaug. Stien går ned i Bjoreidalen til brua ved Nybu. Stidele til Bjoreidalen og Stigstuv på nordsida av elva og til Hedlo og Hadlaskard på sørsida. Gå opp på austsida av Nybunuten, langs vestenden av Vetle Skiftessjøen og vidare opp til Dyranut ved Rv 7.

Adgang /Tillgang
Gradering
Natur og terreng
Sesong
Varighet

Kart