Frukost, lunsj og middag
På Vik Café & Bakeri får du smaken av det tradisjonelle frå Hardanger, samt det eksotiske frå verden over. Av lokale, sesongbaserte råvarer set me saman smakfulle heimalaga rettar. Menyen vår vert difor endra javnleg, avhengig av sesongens råvarer og utval.
Frå vårt minibakeri kan du bestilla ferske økologiske surdeigsbrød, søtbakst og rundstykker kvar dag. Me kan også friste med sjølvprodusert øl eller eit glas heimelaga eplesaft frå hagen. Velkomen innom Vik for nye smaksopplevingar!