Jon Fosse-kveld i Dønhaugkjellaren

Jon Fosse-kveld i Dønhaugkjellaren
Nov
29

orsdag 29.nov. er det «Fosse-kveld» på Dønhaug. Jon Fosse sine dramastykke vert spela på dei mest viktige scenane i både Europa og verda elles. Mange spør kva det er som gjer denne litteraturen så verdskjend og vikti...

Om

orsdag 29.nov. er det «Fosse-kveld» på Dønhaug.

Jon Fosse sine dramastykke vert spela på dei mest viktige scenane i både Europa og verda elles. Mange spør kva det er som gjer denne litteraturen så verdskjend og viktig. Jon Fosse er ikkje berre dramatikar, men også romanforfattar og lyrikar m.m. Kva er det som kjenneteiknar Fosse si dikting?

Den verdskjende dramatikaren er sjølv i Austerrike, men han seier i ei melding at det er stort at vi arrangerer Fosse-kveld i Uskedalen og at han har stor tillit til at hans gode forfattarkollega, Anne Karin Fonneland, vil presentere litteraturen hans på framifrå vis. Ho har mellom anna skrive mellomfagsoppgåve i litteraturvitskap om dramatikken hans.

Anne Karin seier ho set stor pris på mange av tekstane til Jon Fosse, og ho gler seg til å lese nokre utdrag frå diktinga hans. Ho er oppteken av inspirasjon og dikting som er knytt til landskapet og » det vestlandske» og har jobba med både Olav H. Hauge og Fosse sine tekstar i dette perspektivet.

Egil Vaage, Håkon Røstbø og Ole Bjarte Røssland vil syte for det musikalske på Dønhaug, delvis i samarbeid med Anne Karin og litteraturopplesinga, delvis med fri utfalding av alle sine musikalske talent.

6 av bøkene til Jon Fosse er illustrerte av lokale kunstnarar, og det er svært gledeleg at Gaute Haugland, Ingvar Pettersen og Øyvind Sture også vil vere med på Dønhaug denne spennande torsdagskvelden.

Dette kan bli ein særprega og fin kveld, og for å sei det med Jon Fosse – Nokon kjem til å komme, - og det er gratis inngang og plass til mange. ​​​​

Magne vil opne kjellardørene kl. 19, og Jon Fosse-presentasjonen startar ca. kl.20.​

for komiteen ​​​​​​

​Vidar Haugland.

Kart