Kvam, berre ein times køyretur frå Bergen, er inngangsporten til Hardanger og eit ideelt reisemål om våren og sommaren. Med fruktblomstring, spektakulære fossar og familievenlege aktivitetar, byr Kvam på ei rekkje opplevingar for både store og små.
Fruktblomstring i full prakt: I mai og juni står frukttrea i blomst, og landskapet vert kledd i kvitt og rosa. Ein tur langs fjorden eller gjennom frukthagane er ei uforgløymeleg naturoppleving
Steinsdalsfossen: Ein av dei mest besøkte fossane i Noreg, der du kan gå bak det brusande vassfallet og kjenne naturkreftene på nært hald.
Gullfiskvatnet: Eit idyllisk vatn like ved Øystese, kjent for gullfiskane sine. Eit populært stopp for barnefamiliar.
Lokale smakar: Besøk lokale produsentar og smak på fersk eplemost og sider frå Hardanger. Mange gardar, til dømes Spildegarden, tilbyr smaksprøvar og sal av sine produkt.
Kvam, berre ein times køyretur frå Bergen, er inngangsporten til Hardanger og eit ideelt reisemål om våren og sommaren.