I gardsmatbutikken i Øystese sentrum får du kjøpt varer laga både av lokale og andre norske små og mellomstore produsentar. Her er det mellom anna tradisjonsbakst, fruktsaft, sider, syltetøy, honning, kjøt- og spekemat i hyllene.
Gardsmatbutikken ligg i Øystese sentrum. Ta deg tid til ein tur innom og kjøp med ein smak av Hardanger. I butikken finn du varer laga av lokale produsentar, men og frå andre små og mellomstore produsentar rundt om i Noreg. I hyller og frysarar er det mellom anna tradisjonsbakst, fruktsaft, sider, syltetøy, honning, kjøt- og spekemat. I sesongen er det og godt utval av lokal frukt.
Hardanger er eit område med stolte mattradisjonar, og regionen er kjent for fruktdyrking. I dag er lokal mat og frukt meir tilgjengeleg for kjøp i eigne gardsmatbutikkar, men og i dei lokale matbutikkane. Ein tur innom Gardsmatbutikken i Øystese vil by på mange spennande freistingar- du går garantert ikkje tomhendt ut!