Oppdag vinterlandskapet langs Hardangerfjorden på ein privat guida trugetur, der stillheit og naturens eigen magi omfamnar deg.
BookingBli med på ei oppleving som tek deg enten djupt inn i den snørike skogen eller opp til utsiktspunkt med storslått panoramautsikt over fjord og fjell. Trugeturar er ein lågterskel-aktivitet som passar for alle – enten du er ein erfaren friluftsentusiast eller prøver dette for første gong. Med trugar flyt du lett på snøen, eller får godt feste om underlaget er isete eller hardt.
Turen er perfekt for familiar, venegjengar, par eller bedrifter som ønskjer ei unik og samlande oppleving i det vinterkledde landskapet. Med lokale, erfarne guidar får du eit innblikk i naturen og historia til området, medan du nyt roen og dei vakre omgivnadene.
Private og skreddarsydde opplevingar
For å gi deg den beste opplevinga, tilbyr vi berre private turar som vert tilpassa dine ønskjer, behov og føresetnader. Vi legg opp ruta i samsvar med gruppa si fysiske form og det de ønskjer å oppleve. Våre turar går i området rundt Øystese, der vi kan nyte vakre fjordlandskap og ofte vandre i fred og ro.