Opplev den smale og mytiske fjordarmen Fyksesund på ein trygg og engasjerande RIB-tur med lokale guidar. Dette er ei reise inn i eit fjordlandskap som framleis er utan veg og der natur, kultur og historie ligg tett på.
Booking
Frå Øystese går turen ut på den indre delen av Hardangerfjorden før me set kursen inn i Fyksesund – den einaste fjordarmen i Hardanger utan veg heilt inn. Her kjem du tett på stupbratte fjellsider som reiser seg opp mot 1000 meter, små stølar og levande kulturhistorie.
Guiden stoppar fleire stader slik at du kan ta inn inntrykka og få høyra historier om folket som levde langs fjorden, ferdselsvegar mellom fjell og fjord, og korleis naturen har forma livet her gjennom generasjonar.
Fyksesund er òg kjend for dei mange fossane som renn ned fjellsidene. Me køyrer heilt inn til fossespruten medan du sit trygt i båten.