Sjøtunet

Sjøtunet ligg på Rykkje, 5 km frå Øystese i retning Fyksesundet. Sjøtunet er eit 180 gammalt  familiedrive småbruk med frukthage, sauer og ender. I gardsbutikken blir det selt heimelaga syltetøy og skinn frå eigne sau...

Booking

Om

Sjøtunet ligg på Rykkje, 5 km frå Øystese i retning Fyksesundet. Sjøtunet er eit 180 gammalt  familiedrive småbruk med frukthage, sauer og ender. I gardsbutikken blir det selt heimelaga syltetøy og skinn frå eigne sauer.

Sjøtunet passar for dei som ønskjer fredeleg overnatting i Hardanger med god utsikt og kort veg til fjord, fjell og aktivitetar. Gjestene bur tett på garden og fjorden. Familien tilbyr overnatting i tre hytter ved Hardangerfjorden: Pakkhuset, Sjøloftet og Naustet. Det er mogleg å leige båt og låne fiskeutstyr.

Sjå meir informasjon om dei ulike hyttene under.

Pakkhuset

Pakkhuset er ei hytte ved Hardangerfjorden med plass til opptil sju personar.

Hytta har tre soverom fordelt på to etasjar, med moglegheit for både enkeltsenger og dobbeltsenger. I første etasje er det stove med fullt utstyrt kjøkken og spiseplass, eitt soverom og bad. I andre etasje er det to soverom. Badet har dusj, toalett, vaskemaskin og toalettartiklar. Frå verandaen er det utsikt mot Hardangerfjorden.

Pakkhuset er tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne. Det er parkering ved hytta.

Sjøloftet

Sjøloftet er eit sjøhus på ca. 50 m² med plass til opptil seks personar.

Det er stove med fullt utstyrt kjøkken og spiseplass, to soverom og hems med to madrassar. Det er bad med dusj, toalett, vaskemaskin og toalettartiklar. Sjøloftet ligg ved Hardangerfjorden og har både eigen uteplass og veranda med utsikt over fjorden.

Naustet

Naustet er eit sjøhus med eittromsleilegheit på 30 m² med plass til to vaksne og eventuelt to små barn.

Naustet har stove med fullt utstyrt kjøkken, to breie senger og bad med dusj, toalett, vaskemaskin og toalettartiklar. Frå eigen uteplass og balkong er det utsikt over Hardangerfjorden.

 

Aktiviteter
Handikap
Romfasiliteter
Sesong
Utleie

Kart