I Kvam kan du nyta smaken av Hardanger, kjenna fjordbris i håret og stå midt i ein foss - alt på same dag.
Steinsdalsfossen er blant dei mest populære attraksjonane i heile Noreg – og det med god grunn. Her kan du gå tørrskodd på sti bak det brusande vatnet og kjenna kreftene på nært hald. Dette er ikkje berre ein foss – det er eit møte med vestlandsk natur på sitt mest majestetiske.
Gullfiskvatnet er ein av dei mange opplevingane som gjer Kvam til ein familievennleg destinasjon. Her kan dei minste kikka på og mata gullfiskane, medan dei vaksne pustar ut i den makalause naturen. Ein perfekt liten stopp på turen.
I Norheimsund finn du Hardanger fartøyvernsenter – eit levande museum der gamle båtar får nytt liv. Her møter du ekte båtbyggjarar, ser smeden i aksjon og lærer korleis kulturen og tradisjonane våre er blitt teke vare på gjennom generasjonar.
Kvam byr på unike matopplevingar. Nyt nybakte bollar på Iversen Bakeri & Konditori, smaka deg gjennom dei ulike produkta på Spildegarden, eller ein av dei mange delikatessene hjå Sjøhuset Restaurant & Pub, Øvreviken eller Restaurant Glime. Her kjem du tett på smakane som formar regionen.
Bli med på ein spektakulær RIB-tur inn Fyksesundet, den mest spektakulære fjordarmen i heile regionen Her kjem du tett på buldrande fossar, mektige fjell og urørt natur – frå fyrste til siste sekund. Dette er ei fjordoppleving på sitt råaste, og få kjenner området betre enn Norheimsund RIB Seafari og Hardangerfjord Adventure.
I Kvam kan du nyta smaken av Hardanger, kjenna fjordbris i håret og stå midt i ein foss - alt på same dag.
Men det stoppar ikkje her. Lista over ting å sjå og gjera i Kvam er lang, og full av små og store opplevingar som set spor. Her er nokre ekstra tips verdt å få med seg:
Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum
Eit moderne kunst- og kultursenter med utstillingar i verdsklasse – og eit eige museum for bilethoggaren Ingebrigt Vik.
Nytt, familievennleg badeanlegg med panoramautsikt over fjorden. Her finn du både basseng, sklie, velvære og kafé.
Lær meir om moderne fiskeoppdrett på eit flytande visningsanlegg i Øystese. Perfekt for både store og små som vil bli klokare på livet under overflata. Dei har også ei flott, gratis utstilling inne på Hardangerbadet i Øystese.
Ein nydeleg tur med spektakulær utsikt over fjorden og fjella rundt. Her kan du faktisk gå direkte frå Thon Hotel Sandven!
Og etter ein dag med minnerike og gjeve opplevingar, kva passar betre enn å sjekka inn på ein av dei mange gode overnattingsalternativa Kvam kan skilta med. Her finn du fleire gode alternativ for overnatting, uansett om du reiser åleine, med familien eller i par. Her er to favorittar rett ved fjordkanten:
Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.
Opplev levande maritim historie på Hardanger Fartøyvernsenter med opne verkstader og kjekke familieaktivitetar.
Opplev det unike Gullfiskvatnet i Kvam – eit familievenleg område der du kan mata gullfiskar, nyta naturen og slappa av ved vatnet.
Nede ved fjorden i Øystese sentrum, finn du det nye Hardangerbadet. Fyrtårnsprosjektet inneheld bade- og symjeanlegg, helsepark, treningsanlegg og visningssenter for laks. Symjeanlegget, med 25 metersbasseng, samt familie- og terapibasseng, er kjerna i Hardangerbadet.
Kunsthuset Kabuso byr på skiftande utstillingar, konsertar og arrangement heile året. Opplev magiske lys i Hardanger Skyspace, og besøk Ingebrigt Vik-museet. Nyt kafeen med heimelaga mat og fantastisk utsikt.
Opplev mystikken i Fyksesund – Hardangerfjorden si mest sjarmerande og bortgøymde fjordarm.
Få nærkontakt med Hardangerfjorden, buldrande fossar og stupbratte fjellsider med Norheimsund RIB Seafari. Fleire daglege avgangar i sesong frå Norheimsund, Hardanger.
Besøk Hardanger Akvasenter sitt moderne visningssenter for akvakultur, som ligg i Øystese, i same bygg som Hardangerbadet. Her lærer du mykje spennande om lakseoppdrett i Hardangerfjorden.
Bli med på RIB-tur til Hardanger Akvasenter - eit lakseoppdrettsanlegg på Hardangerfjorden i full drift. Turane startar i utstillingslokale til Akvasenteret i Øystese, i same bygg som Hardangerbadet.
Hardanger Skyspace er eit av dei kjente lysverka til den amerikanske kunstnaren James Turrell. Lysinstallasjonen er plassert rett ved fjordkanten i Øystese, like ved kunsthuset Kabuso. Innanifrå kan du nyta heilt spesielle soloppgangs og solnedgangsopplevingar.
Opplev magisk fjordlandskap på Hardangerfjord Adventure sine RIB-safari eller saman med deira fjellguidar!
Opplev eit adrenalinfylt eventyr i Hardangerfjorden! Susa gjennom spektakulære fjordlandskap og oppdag skjulte perler som berre kan nåast med båt.
Turen til Krokavantet er ein lett tilgjengeleg fottur som byr på ei flott utsikt over Hardangerfjorden.
Stad Steinsdalsfossen Turomtale Frå butikkane ved Steinsdalsfossen, gå 60 meter mot Rosseland, og ta til høgre inn på vegen skilta "Fjærabygda". Følg vegen og stien til Sundsvik. Hugs å stenge portane langs vegen...
Rundt Fitjadalsvatnet - gjennom et variert kulturlandskap Startpunkt Køyr opp frå RV 7 i Øystese. Følg skilting til Fitjadalen. Start turen ved sørenden av Fitjadalsvatnet, eller i nordenden ved Fetet (sjå kart)....
Spildegarden i Øystese har produsert sider og eplemost i fire generasjonar. Her kan du smaka på prisbelønte produkt, lokale råvarer og oppleva eplesiderens kulturhistorie i vakre omgjevnader.
Smak på autentisk tradisjonsmat laga med lokale råvarer i Eldhuset Gardsrestaurant på Spildegarden i Øystese. Dagleg servering og sidersmaking om sommaren.
Hallvardsnaustet kan du leige til arrangement, eller du kan møte opp når det vert arrangert komlemiddag, søndagsmiddag, konsertar ol.
Øvreviken Pizzeria er ein populær pizzarestaurant ved kaia i Øystese sentrum, med ein idyllisk beliggenheit og avslappa atmosfære. Her kan du nyte eit mangfald av pizzaer, salatar, burgerar og tapas.
I hjarta av Hardangerfjord Hotel ligg restaurant Glime med fantastisk utsikt mot fjord, fonn og fjell. Med råvarer frå lokale produsentar i sesong får du ei autentisk smaksoppleving av kvalitet.
Omkransa av historikk og nasjonalromantikk ligg restauranten på Thon hotell Sandven og tilbyr dei nydelegaste måltid.
Opplev smaken av Hardanger ved Sjøhuset Restaurant & Pub – ein nyrenovert perle ved fjordkanten i Norheimsund, med lokalmat, pubstemning og ei storslått utsikt.