Krokavatnet

Krokavatnet

Turen til Krokavantet er ein lett tilgjengeleg fottur som byr på ei flott utsikt over Hardangerfjorden.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Turen til Krokavatnet er ein lett tilgjengeleg fottur som byr på ei flott utsikt over Hardangerfjorden. Turen har ei lengd på 2,3 km og tar ca. 1,5 time ein veg. Turen er tilgjengeleg frå april/mai til oktober. Dette er ein moderat krevjande tur med ei total stigning på 192 meter.

Start: Følg riksveg 49 frå Norheimsund og køyr mot Tørvikbygd. Etter ca. 1 km tar ein til høgre mot Tveit. Det er ingen parkeringsmoglegheiter her, men ein kan betale ei vegavgift på 7r kr og køyre vidare på grusvegen til Solhaug (enden av vegen). Dersom du ikkje ynskjer å betale vegavgift kan du parkere på Norheimsund stadion og gå opp Sandvenslia (det er ikkje mogleg å køyre til Solhaug om vinteren). 

Ved parkeringa på Solhaug fylgjer ein stien langs røyrgata oppover. Turen går jamt oppover med nokre bratte parti, og etter ein når toppen av røyrgata går stien til høgre over ei myr og vidare over ei lita bru. Her fylgjer ein stien vidare og får Krokavatnet på si venstre side. Ved Krokavatnet ligg det ein gammal demning som du kan gå over og bort til dagsturhytta, Kvilekroken. Dersom vatnnivået i Krokavatnet er høgt kan ein oppleve at vatnet renn over kanten på "gamledammen", då er alternativet å gå vidare nedover grusvegen og forbi dammen på nedsida. 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart