Beharie @Kabuso

Beharie @Kabuso
Nov.
13

Ein stad i skjeringspunktet mellom indie, folk og soul finn du Beharie. Stemma hans er rik, kraftfull og rå i formidlinga si – kvalitetar som byggjer opp under den stadig meir personlege låtskrivinga, som når nye høgder på det andre albumet til Beharie, When The Silence Gets Too Loud.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Ein stad i skjeringspunktet mellom indie, folk og soul finn du Beharie.

Stemma hans er rik, kraftfull og rå i formidlinga si – kvalitetar som byggjer opp under den stadig meir personlege låtskrivinga, som når nye høgder på det andre albumet til Beharie, When The Silence Gets Too Loud.



«På sitt beste greier Beharies musikk å få lytteren til å forsvinne som i et dykk under vann som tilsynelatende aldri ender. Han behersker både det mektige og det lille, og selv om han blant annet er sammenlignet med storheter som Frank Ocean, er Beharie først og fremst Beharie. En av de beste artistene vi har i Norge i dag.»

– Aftenposten

Som liveartist har Beharie raskt etablert seg blant dei aller fremste namna i Noreg, med evna til å skapa magiske augeblikk uansett arena, med eit unikt nærvær. Han har spelt for fulle hus på alt frå intime klubbscener til hovudscena på Øyafestivalen og utseld Rockefeller.

Samarbeid med anerkjende aktørar som Stavanger Symfoniorkester og Kringkastingsorkesteret (KORK) understrekar den musikalske spennvidda hans, og evna til å løfta låtane til nye høgder.

Han konfronterer tema som pessimisme, skuffelse, kjærleik og kjensla av å mislukkast som 30-åra kan by på, i eit samfunn der det aldri har vore lettare å samanlikna seg med andre.
Tekstane teiknar eit bilete av ein usikker musikar, eit bilete som står i sterk kontrast til musikken vi får presentert. For i kreativiteten og låtskrivinga si har Beharie aldri stråla av større sjølvtillit enn han gjer no.

Kart