Opplev magisk fjordlandskap på Hardangerfjord Adventure sine RIB-safari eller saman med deira fjellguidar!
BookingBli med på eit uforglemmeleg eventyr med Hardangerfjord Adventure! Dei tilbyr RIB safari på Hardangerfjorden gjennom påmeldingsturar frå frå fjordbygdane Norheimsund, Øystese og Ulvik. Turane frå Norheimsund og Øystese går til den magiske fjordarmen Fyksesund - den smaleste delen av Hardangerfjorden - med stupbratte fjellsider og veglause grender. I Ulvik går turane til den imponerande Hardangerbrua og fjordarmen Osafjord med vakkert fjordlandskap og gamle vedlause grender.
Hardangerfjord Adventure tilbyr også private gruppeturer på førespurnad frå store deler av Hardangerfjorden som kan skreddarsyast saman fjellturar, mat- og kulturopplevingar for å gje deg dei beste minner frå Hardanger. I tillegg tilbyr dei båttransport til og frå den bortgjemte grenda Botnen, som ligger djupt inne i fjordarmen Fyksesund.