Få nærkontakt med Hardangerfjorden, buldrande fossar og stupbratte fjellsider med Norheimsund RIB Seafari. Fleire daglege avgangar i sesong frå Norheimsund, Hardanger.
BookingNorheimsund RIB Seafari tek deg rett inn i hjarta av Hardanger. Om bord i den komfortable, opne RIB-båt får du nærkontakt med dette verdskjende fjordområdet med fossar forma av erosjon og smeltande is for tusenvis av år sidan.
Etter å ha kryssa den majestetiske Hardangerfjorden, tek fartøyet deg opp det ti kilometer lange og tronge Fyksesundet til Botnen. Ei veglaus grend, avsides, endå til etter norsk standard.
Tusen meter høge fjell stuper direkte i sjøen. Fyksesundet med fossar og stupbratte fjellsider gløymer du ikkje.