Sy skjorte og forkle til bunaden Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærer du å mont...
Sy skjorte og forkle til bunaden
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærer du å montera skjorte og forkle.
For å få utbytte av kurset må du ha med deg ferdig skjortesaum og/eller forklebord. Dette er ikkje eit kurs der me syr broderiet til skjorte og forkle, men der me syr sjølve skjorta og/eller forkle. Du kan sy herreskjorte, dameskjorte og/eller forkle, alt etter kva du har lyst til og rekk.
Kurset går over to helger, slik at du kan sy ein del heime i veka mellom dei to kurshelgene. Viss du berre har høve å vera med den eine helga, passar det bra å berre montera forkle. Ta med eigen symaskin.