Kaiområde i Rosendal

Dagstur frå Bergen til Rosendal

Vakre Rosendal er vel verdt eit besøk!

rose

Opplev Rosendal, ei sjarmerande bygd som ligg omkransa av majestetiske fjell og den glitrande Hardangerfjorden. Rosendal er ei perle som byr på store opplevingar innan både natur og kultur.

Hardangerfjordekspressen tek deg fjordvegen frå Bergen sentrum til Rosendal. Reisa i seg sjølv er ei oppleving, der det opne og dramatiske kystlandskapet vil innover fjorden erstattast med høgreiste fjell.

Båtreise til Rosendal
rose

Hardangerfjordekspressen legg til kai i Rosendal, like ved Turistinformasjonen og Folgefonnsenteret. På Folgefonnsenteret kan du sjå og lære mykje spennande om livet i Hardangerfjorden, om Folgefonna nasjonalpark og om klimaendringane. Ein god introduksjon for å oppleve resten av det omkringliggande landskapet.

Tidshjulet på Folgefonnsenteret
rose

Du rekk å oppleve mykje på ein dag i Rosendal. Start turen på Folgefonnsenteret, der du og kan få gode tips på Turistkontoret.

Frå kaien er det kort veg til den sjarmerande vesle handlegata Skålagato. Her finn du hyggelege små butikkar og kafèar i hjarta av Rosendal.

Det er og fleire fjellturar som ein kan gå med utgangspunkt i Rosendal sentrum. Om du ynskjer ei utfordring er både Melderskin og Malmangernuten populære turar. Skålafjell, Skjethaug og Myrdalsvatnet er kjekke turar om du ynskjer eit kortare alternativ.

Skålagato
rose

Steinparken i Rosendal er ein kjekk stad å besøke for både liten og stor. Her kan dei minste låna trebåtar. Leik med vatn går aldri av moten.

I Dinosaurhuset i Steinparken finn du forteljingar, utstillingar og filmar om natur- og kulturhistorie. Ute i parken kan du rusla mellom steinblokker i ulike bergartar forma som skulpturar. Men Steinparken handlar om meir enn stein. Her finn du forteljingar om historia til Livet på Jorda, menneska si historie, Vikingskatten frå Hatteberg.

Ta ein pause på den hyggelege kaféen og utforsk butikken med smykkesteinar, fossilar, skattekister og mykje meir.

Leik med vatn i Steinparken
rose

Baroniet Rosendal er hovudattraksjonen i Rosendal, og er kjend for å ha eit rikhaldig kulturprogram om sommaren. Kombiner gjerne turen til Baroniet Rosendal med konsert og middag, og få ei oppleving du seint vil gløyme

I Rosendal Have finn du den praktfulle Rosehagen.

Det kvitkalka slottet og fjella i bakgrunnen, er eit vakkert syn for alle som kjem for å oppleva slottet, hagen og landskapet

Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300-år med hagehistorie!

Set gjerne av nok tid til å nyte ein god lunsj i Rosendal Havecafè og Butikk

Yrjan Olsnes 0805
rose

Bli med på ei spennande oppleving utanfor Rosendal på det innovative visningssenteret Salmon Eye. Dette inspirerande senteret har som mål å informere og motivere oss til å sikre verdas matbehov gjennom berekraftig havbruk.

Turen startar i Rosendal, der du går om bord i ein av dei heilelektriske båtane Malm eller Melder. Desse båtane tar deg med på ei reise mot Salmon Eye, som ligg på nordsida av Snilstveitøy.

For å få oppleve dette, må du bestille på førehand, og tilgjengelege datoar finn du HER.

Bli med på å utforske framtida for berekraftig matproduksjon og la deg inspirere av Salmon Eye!

Salmon Eye