Hardangerfjordekspressen Rødne

Hardangerfjordekspressen Rødne

Hardangerfjordekspressen tek deg med frå Bergen til Rosendal, der du kan besøke Baroniet med sin storslåtte rosehage, verdas største kunstinstallasjon Salmon Eye, få med deg interaktive utstillingar på Folgefonnsenteret, og mange fleire fantastiske opplevingar!

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Hardangerfjordekspressen Rødne går frå Bergen til Rosendal, via Bergen lufthavn Flesland og Os. Båtturen er eit fantastisk cruise gjennom vill og vakker vestlandsnatur og er verkeleg ei oppleving i seg sjølv. 

Båten går to gonger om dagen, på kvardagar, frå Strandkaiterminalen. Billettar får du kjøpt om bord eller hos Turistinformasjonen i Bergen. Billettar kan du også kjøpe på rodne.no; https://rodne.no/fjordcruise/fjordcruise-til-hardanger/  - nytt denne linken i staden for den som ligger på «bookingsida».

Under to timar med båt frå Bergen ligg vakre Rosendal, omgitt av majestetiske fjell, fjord foss og bre. Ein kan kombinere fjord-cruise (fjordcruise) med kulturelle opplevingar på Folgefonnsenteret, Baroniet og Galleri Guddal, eller besøke den spektakulære flytande kunstinstallasjonen Salmon Eye og restaurant Iris. Dersom ein ynskjer naturopplevingar kan ein gå ein tur i steinparken, padle brekajakk eller oppleve isbreen på tett hald med Folgefonni breførarlag, eller nytte seg av ein av dei mange turløypene i området. Hardangerfjordekspressen korresponderer også med buss vidare til Odda som er startpunkt for turen til Trolltunga.

Sommartider og vintertider  frå kr: 633,- (t/r) Prisar

Aktiviteter
Sesong

Kart