Rosendal Turisthotell

Rosendal Turisthotell ligg sentralt ved kaia i Rosendal sentrum. Frå hotellet er det nydeleg utsikt mot fjorden og dei karakteristiske fjella kring bygda. Hotell i sveitserstil frå 1887 har dei seinare år gjennomgått ...

Booking

Om

Rosendal Turisthotell ligg sentralt ved kaia i Rosendal sentrum. Frå hotellet er det nydeleg utsikt mot fjorden og dei karakteristiske fjella kring bygda. Hotell i sveitserstil frå 1887 har dei seinare år gjennomgått ei omfattande oppussing, der inspirasjonen til interiør er naturen og omgjevnadane rundt. Rosendal Turisthotell har 21 rom fordelt over to etasjar. Loftet i tredje etasje er nyleg renovert med åtte rom i ulik storleik og innreiing. Alle romma i denne etasjen har eige bad, og fleire av romma har eigen balkong. I andre etasje er 13 rom i kategoriane enkeltrom, dobbeltrom og familierom. Alle romma har felles bad og toalett på gangen. Frukost serverast i hotellrestauranten.

I restaurant Martha Meidell serverast alt frå smårettar til ein fin à la carte meny, der lokale råvarer er i fokus. Restauranten kan og leigast for små og større arrangement som t.d. møter, bryllaup.

Frå hotellet er det gå avstand til fantastiske fotturar og attraksjonar som Folgefonnsenteret, Baroniet Rosendal og  Galleri G Guddal. Rosendal Turisthotell er også lett tilgjengeleg med hurtigbåt frå Bergen sentrum og Bergen Lufthavn Flesland.

Kart