Julekonsert i Olaløo med Hilde Selvikvåg

Julekonsert i Olaløo med Hilde Selvikvåg
Des.
13

Velkomen til ein varm og stemningsfull førjulskveld med vakker musikk og god julestemning

Om

Julekarusellen er Hilde Selvikvåg sin eigen juleturné - ein varm og stemningsfull julekonsert som rullar innom små og store perler rundt omkring i landet, og no kjem ho til Olaløo. På Julekarusellen tar Hilde med seg eigne julesongar, kjente julefavorittar og låtar frå sin eigen katalog, og inviterer til ein førjulskveld der musikken og staden saman skapar ramma.

Hilde er songskrivar og artist frå Jæren som lagar popmusikk på jærdialekt. Ho har vore nominert til Spellemannspris, delteke i Idol og er å høyre på NRK sine radiokanalar. Ho er kjend for personlege tekstar, varm formidling og evna til å skapa nær kontakt med publikum.

Før konserten mellom kl.14.00 og 17.00 kan du nyte ein smakfull julebuffet på Olaløo. Julebuffeten må bestillast separat og er ikkje inkludert i konsertbilletten.

Info om bordbestilling finner du her: Bordbestilling familiejulebord

Kart