Bu mellom fjord og fonn på historiske Hotel Sundal i Kvinnherad. Nyt lokalmat, lyden av naturen og nærleik til Hardanger sine mest ynda turmål - som Bondhusvatnet, Folgefonna og Trolltunga.

Booking

Om

Ved foten av Folgefonna, omkransa av fjord, fonn og mektige fjell, finn du Hotel Sundal – eit sjarmerande lite hotell frå 1889, restaurert med kjærleik og respekt for både historie og omgjevnadar. Her bur du landleg til i nydeleg natur i Sundal i Kvinnherad, med kort veg til ikoniske naturopplevingar og lokal kultur.

Hotellet sine 11 rom er innreidde med omtanke og med søvnkvalitet i fokus: alle sengene har madrassar frå Coco-Mat og romma er utstyrt med økologiske hudpleieprodukt, badekåper og ekstra handkle. Ni rom med delte bad- og toalettfasilitetar, opne vindauge, morgonbris frå fjorden og utsyn til Folgefonna gjev opphaldet ei nostalgisk og roleg ramme. To rom med eige bad og peis.

På Hotel Sundal, tidlegare Hardanger Fjord Lodge, står naturen i fokus - både inne og ute. Du kan starta dagen med nytrakta kaffi, surdeigsbrød, lokale ostar og økologisk eplejuice frå Hardanger – og avslutta med ein fire-rettars middag laga frå botnen av, med råvarer frå småprodusentar og naturen rundt hotellet. Kjøkkenet er hotellets hjarte, og lidenskapen til dei som står bak grytene er tydeleg i både smak og stemning.

Vil du ta med smaken av Hardanger ut i naturen, kan du bestilla ein piknikkurv – ferdigpakka med gode rettar, pledd og drikke. Perfekt for ein roleg dag ved fjorden eller ein fjelltur opp i dalen.

Unike opplevingar rett utanfor døra:

  • Bondhusvatnet – eit av Hardanger sine mest ikoniske naturperler, ligg berre ein kort spasertur frå hotellet. Her ventar smaragdgrønt vatn, isbreen i bakgrunnen og ei av dei vakraste turane i regionen.
  • Trolltunga – Den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg ligg berre ein kort køyretur unna.
  • Folgefonna – Opplev isbreen på nært hald med guida breturar eller toppturar.
  • Baroniet Rosendal – Noregs einaste baroni, med vakker hage, kunstutstillingar og konsertar i historiske omgjevnadar, ligg også berre ein liten tur unna med bil, eller ein fin sykkeltur på hotellets utleigesyklar.

Ein historie du blir ein del av

Hotel Sundal har ein rik historie som strekk seg tilbake til 1889, då ekteparet Erik Gausvik og Anna Eikenes bygde både hotellet og hytta Breidablikk på 1320 moh. Hotellet har husa både keisarar, europeiske adelsfolk og fjellfolk – og no fyller Caroline og Harald, saman med hunden Frøya, dei gamle tømmerveggane med liv, varme og gode opplevingar.

Velkomen til Hotel Sundal – eit sjelfullt hotell midt mellom fjord, fonn og mektige fjell!

Kart