Stigen Fjordlodge er ei unik perle høgt over Hardangerfjorden - bu i eit restaurert gardsbruk med panoramautsikt mot fjorden, dei mektige Rosendalsalpane og tindane i Uskedalen.
Booking
Høgt over fjorden, med utsikt mot Rosendalsalpane og tindane i Uskedalen, ligg Stigen Fjordlodge – eit tidlegare gardsbruk frå tidleg 1900-tal, no forvandla til ei unik overnattingsperle.
På Stigen Fjordlodge bur du i eit nyoppussa våningshus, med god komfort, rustikk sjarm og spektakulær utsikt få andre kan skilta med. Her opnar du vindauga til frisk fjelluft, fjordlandskap og lyden av naturen. På tunet ventar ein privat jacuzzi med fjordutsikt, kanskje Norges mest spektakulære huske hengande frå eit stort eiketre, og fleire hengekøyer du fritt kan bruka – perfekte for ein pust i bakken i eikeskogen med den unike Hardanger-naturen som kulisse.
Frå garden går det skilta sti ned til fjorden, der du finn ein liten, avskjerma rullesteinsstrand og svaberg – ideelt for eit bad, ein piknik, eller berre ein stille time i fjordkanten.