Førerapport per 3. februar 2023

Skispor

Det har vore ein relativt snøfattig innleiing på vinteren. Periodevis har det vore bra, men dei store og vedvarande snømengdene let vente på seg. Like fullt har 2023 gitt mange gode skisvingar. Vonleg vert det fleire i tida som kjem.

rose

For snøhungrige fjellfantar, så har vinteren så langt vore ein berg og dalbane av kjensler. I det eine augneblikket så snør det til havnivå, medan det i det neste er mildt like til fjelltopps høgde, og då gjerne i spedd vind. Milde luftmassar og nedbør i form av regn er, som kjent, snøens verste mareritt. Då smeltar snøpakken før du har fått sunge deg gjennom fyrste vers av «Mellom bakkar og berg». Det heile er moglegvis eit forvarsel om korleis framtida vil sjå ut, trass i at både den eine og det andre frå den eldre garde dreg fram minner om at det var mildt ein gong på 60-talet også. Uansett kva ein trur på, så er det ikkje til å legge skjul på at vêret varierer meir og meir, med innslag av stadig hissigare lågtrykk. Det kjenst i alle fall slik ut.

Men som kjent så snur vêret fort, og det fine med å like å stå- og gå på ski, er at det eventuelle variable skiføret gir moglegheit til meistring på ulike føre.

Vinteren har vore variabel, og gitt klabb for både flittige potar og breie ski. Foto: Cato Leganger
Bilde2
rose

Sju slag snø

Om pudderet uteblir, så kan du jo alltids freiste lukka i ein av dei andre seks sortane av snø. Det er sikkert fleire også, men for oss som er glade i å stå på ski, så er i alle fall disse sju gjenkjennelege; brytande fokksnø, bærande fokksnø, Brytande skare, bærande skare, våt laussnø, tørr laussnø – også kalla «verdsmeisterføre» og til slutt rimfrost på myr. Sistnemnte er ofte det som møter dei ivrigaste av oss tidleg på sesongen. Då vel ein gjerne dei eldste og mest oppskrapa skia, ja, dei som det ikkje er så farleg om ein køyrer over ein stein med. Som regel så er heller ikkje skredfaren like overhengande når det kjem til rimfrost på myr. Då er gjerne den største faren å køyre på ein brakebusk eller inn i ein stein.

Men ja, korleis er stoda i fjellet for tida? Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore relativt lite snø, iallfall i litt lågare terreng. Vinteren har bydd på greitt føre i høgda og i indre strøk, altså på austsida av Folgefonna – i fjelltraktene mot Røldal og Haukeli. Den siste runden med mildvêr gav fjellheimen ein real nedvask og følgjeleg reduserte det føret til det som i beste fall kan kallas greitt. Lukkelegvis droppa temperaturen litt sundag kveld, og utover måndagen og tysdagen gjekk nedbøren frå regn til snø. Det har ført til at skiføret byrjar å ta seg opp att. Der nysnøen kviler på ein eldre smeltepakke av snø, så er det no godt skiføre, men der nysnøen kviler på lyng og fjell, så kan det vere litt meir utfordrande. Det fall ein del nedbør natt til fredag, så for dei som skal ut på tur i helga så er det gode moglegheiter for pudder.

Inn mot komande helg er det igjen meldt nedbør i kombinasjon med, til dels kraftig vind frå sør og søraust. Det kan fort gi ein utfordrande situasjon i fjellet gjennom helga, om vêrprognosane slår til. Om vinden uteblir, så ligger det an til pudderfest.

Skitur med utsikt
rose

Skiføre frå høgde: Det varierer ein del, avhengig av kor i området du er, men generelt så finner ein no eit ok skiføre frå sirka 500 moh og opp, men merk at her er det variasjon. Litt lågare nokre plassar, høgare andre.

Himmelretning med best skiføre: I skrivande stund så byr alle himmelretningane på relativt likt føre. Det ligger ein del ubunden snø i terrenget, men eventuell auke i vind vil byrje å flytte på snø. Om ein veit korleis vinden jobbar, så vil ein uavhengig av eventuell vind, kunne finne prima pudderføre, og då helst der det låg att snø forut for siste snøfall.

Primært skredproblem: I skrivande stund så må du handtere det som er det vanlegaste skredproblemet: Fokksnø. Men hugs på at det kan vere lokale variasjonar. Inn mot helga forsterker denne problematikken seg i form av ustabile fokksnøflak mot nord og tilgrensande himmelretningar.

Følg med på https://varsom.no/snoskred/var... for oppdatering av skredvarselet. Her finner du ofte lokale meldingar som kan gi ein peikepinn på status på skiføret. I tillegg vil det med jamne mellomrom verte publisert nokre ord her, der det vil bli delt ut nokre tips. Hugs på at skredfaren kan endre seg veldig fort. Vel tur etter evne, og hugs på at det er ditt eige ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal på tur!

God tur!


Tekst og foto: Cato Leganger, Rosendal Fjellsport

Sjå alle

Fleire reisetips