Ferieforslag i og rundt Rosendal

Rosendal x Yrjan Olsnes 8030
Rosendal x Yrjan Olsnes 05180

Historiske slott, majestetiske fjell og dramatisk landskap med store kontrastar. I og rundt Rosendal finn du noko av det flottaste Hardangerregionen har å by på.

rose

I turistkommunen Kvinnherad, kor Rosendal ligg som ei perle i sentrum, som tek deg frå havgapet og inn i Hardangerfjorden, er kontrastane store. Kom tett på denne makelause naturen og opplev reisa frå hav til fjord om bord Rødne si båtrute mellom Bergen og Rosendal. Det opne og dramatiske kystlandskapet vert erstatta med høgreiste fjell innover fjorden. Rosendalsalpane, med Melderskin, Gygrastolen og Ulvanosa i spissen, skil seg ut som dei mest spektakulære toppane.

Bondhusvatnet og Bondhusbrea i Sundal er også av det spektakulære slaget, og det er flotte turstiar både her og andre plassar i kommunen. Uansett om du vil gå langt eller kort, er alternativa mange i og rundt Rosendal. Vil du utforska på sykkel eller ta ein båttur på Myrdalsvatnet, kan du leiga dette på turistkontoret i Rosendal.

rose

Skal du verkeleg ha mest mogleg igjen for besøket, vil me anbefala å gå med guide. Folgefonni Breførarlag og guidane deira står klare til å losa dykk gjennom den mektige naturen i området. Kva med ein kajakktur på isbrevatn med flytande isfjell?

rose

Du kan heller ikkje unngå å ta turen innom Baroniet Rosendal. Slottet frå 1665 er kjent for sin vakre landskapspark og rike kulturprogram med større og mindre konsertar. Eit besøk på Baroniet Rosendal høver seg også svært godt for dei som også berre vil ta seg ein liten matbit i flotte og staselege omgjevnader. Og når me fyrst er inne på mat; sjekk ut Elins Matgleder i Rosendal. Ho diskar opp rettar som freistar dei fleste frå restauranten og kafeen hennar i sentrum. Der kan du også kjøpa med deg eigenproduserte delikatesser som saft og syltetøy.

rose

Apropos historiske bygg. Halsnøy Kloster frå 1100-talet er vanskeleg å koma utanom. Det tradisjonsrike området ligg vakkert til ved munninga av Hardangerfjorden og er eit av fleire tun i Sunnhordland museum sine samlingar.

Eit anna tun du bør vitja, er Guddalstunet. Der finn du Galleri G. Guddal med kunstgalleri, overnatting og servering. Galleriet, som blei tildelt Olavsrosa i 1993, tilbyr eit variert program med både etablerte og uetablerte kunstnarar.

Galleri Guddal med personar
rose

Er du usikker på kva du skal finna på? Då vil me anbefala å ta turen innom turistinformasjonen i Rosendal. I same bygg finn du også Folgefonnsenteret. Der lærer du mellom anna om Folgefonna Nasjonalpark, livet i Hardangerfjorden, vatnet sin syklus og klimaendringar gjennom spanande og interaktive utstillingar. Både Folgefonnsenteret og Steinparken, som har skulpturar og dinosaur-hus i gangavstand frå Rosendal, er perfekt for småbarnsfamiliar!

rose

I og rundt Rosendal finn du også ei rekke ulike overnattingsalternativ. Alt frå flotte og moderne fjordhotell til tradisjonsrike aktørar med fokus på miljø og bærekraft. Sjå her for full oversikt!

Velkomen til Rosendal og Kvinnherad – eit Noreg i miniatyr!

Sjå alle

Fleire reisetips