Snørapport pr 23.03.2023

Skitur i vårsol

Då er da vår!

rose

Vinterferien 2023 er i ferd med å verte historie, og vonleg har mange fått moglegheit til å vere ute i naturen, anten det er på ski, til fots eller på anna vis. Vi har vore heldige med vêret, trass i at enkelte av oss gjerne skulle hatt påfyll av litt meir snø. Lukkelegvis byrjar sola å «ta» så mykje at dei solvendte sidene, om du treff rett tid på dagen, allereie byrjar å gi mjuk og fin snø. Vêret den siste veka har vore stabilt, kaldt og klart, og det ser ut til at den stabile vêrsituasjonen skal fortsetje gjennom helga og utover den komande veka. Det vil sei at det skal kome nokre skyer og nedbør fredag ettermiddag. Men merk at det ofte er i slike kalde og klare periodar at ein får danna vedvarande svake lag i snødekket. Det ser ikkje ut til at det har vore veldig aktive prosessar knytt til dette i det siste, men dette er noko vi får følgje med på. På den positive sida, så kan sånne kalde periodar transformere skare og anna dårleg skiføre til fasetter, altså snø som har rekrystallisert seg og gir ein “singlande” lyd når du køyrer på ski i det. Mange vi nok kalle det resirkulert pudder, men uansett namn, så gir det eit prima skiføre.

Så korleis bør ein nytte helga? Svaret gir seg sjølv. Dufta av solkrem, solbrille-skilje og ein stiv og støl kropp etter ein lang dag ute er fantastisk. Vi er heldige som har den moglegheita, at vi kan ha fri natur så lett tilgjengeleg. Vonleg kjem fleire sjeler til å nytte seg av helga som står for døra, anten det er på topptur, i skitrekket i Fjellhaugen, med akebrett eller med fjellski i eit eller anna dalføre i vår langstrakte kommune, på sjøen eller i sin eigen bakgard.

Vårskitur med utsikt
rose

Skiføre frå høgde:

Det varierer ein del, avhengig av kor i området du er, men du kan finne ok skiføre frå sirka 400-500 moh og opp, men merk at her er det variasjon. Litt lågare nokre plassar, høgare andre. Spesielt på dei mest fjordnære fjella, må ein eit stykke opp i høgda for å finne skiføre. Det ligger gjerne snø lågare nede, men det er så tynt at det ikkje byr opp til den heilt store ferdselen med ski på beina.

rose

Himmelretning med best skiføre:

I skrivande stund så varierer skiføret ein del. Mot nord er det mest truleg litt avblåst til nedpå skaren, mot sør finner ein vindtransportert snø og mot aust og vest så kan ein finne litt mindre påverka snø. I høgda og der vinden, som herja fjellheimen forut for førre helg, så er det avblåst til nedpå skaren. Merk at det er ein del lokale variasjonar på grunn av topografien. I enkelte vestvendte formasjonar kan det vere meir avblåst, medan det i andre kan vere ubunden snø. Ein må kjenne til korleis dei lokale vindeffektane verkar. Og som sagt, i solsidene, så kan ein få soloppvarming som kan gi eit fint skiføre, men det er også avhengig av ulike faktorar. Du kan uansett finne fint skiføre på dei fleste fjell, men ein må vere litt obs på kva himmelretning den sida du tenker å bevege deg i ligg vendt, med omsyn til det som er nemnt over.

rose

Primært skredproblem:

Fokksnøen, altså den vindtransporterte snøen, kan nok framleis vere mogleg å påverke i enkelte formasjonar, spesielt der den kviler på underliggande skare. Mest aktuelt mot sør. I tillegg kan ein få våte, naturleg utløyste skred i sørvendte sider, men dette er heilt avhengig av tilstrekkeleg mengde sol. I tillegg kan ein vere obs på at det kan ha danna seg vedvarande svake lag i snødekket, men disse vert ikkje sitt på som eit veldig

aktuelt skredproblem enda. Ver likevel obs på at det kan vere lokale variasjonar. Får du drønn eller skytande sprekker, eller at du ser naturleg utløyste flakskred mot nord, så kan det tyde på at det er aktive vedvarande svake lag i snødekket.

Følg med på https://varsom.no/snoskred/var... for oppdatering av skredvarselet. Her finner du ofte lokale meldingar som kan gi ein peikepinn på status på skiføret. Hugs på at skredfaren kan endre seg veldig fort. Vel tur etter evne, og hugs på at det er ditt eige ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal på tur!  

God tur! 


Tekst og foto: Cato Leganger, Rosendal Fjellsport

rose
Kalenderen syner no mars, og det er vel den fyrste vårmånaden, men historisk sett så kan både mars og april by på mykje snøfall. Enkelte av oss håpar på det.
Sjå alle

Fleire reisetips