Snørapport pr 15.februar 2023

Skitur med utsikt

Kom vinter, du kalde og snørike!

rose

Både februar og mars månad er oppkalla etter det eg vil klassifisere som litt hissige og moglegvis destruktive guddomar i frå oldtida. Men det har ikkje vore så mykje «hissig» vintervêr så langt. Jojo-vinteren ser ut til å fortsette, iallfall ut februar.

rose

Vinteren 2023 kjem ikkje heilt i gang. Det kjennes iallfall slik ut. Temperaturen er relativt høg, nedbørsmengdene kjem som regel i form av regn og vinden har som regel hatt eit sørleg drag over seg. Disse tendensane heng jo saman. Lukkelegvis, iallfall for oss som er glade i vinteren, så er vi berre i midten av februar. Mykje kan skje enda, og statistisk sett så plar vi få nokre gode snø dump utover på seinvinteren. Eg kryssar fingrane for det!

I skrivande stund, altså ein sein torsdag kveld, så er det mildt ute. Det skal seiast at eg nett har hatt eit par prima skidagar i indre del av regionen, men det var ikkje laussnø til oppunder navlen. Dog, det handlar om å glede seg over det ein har. Om det er brytande skare eller brytande eller bærande fokksnø, ja, det er ikkje så farleg. Ofte plar det vere ein kombinasjon, iallfall om ein veit å leite litt. Er ein i tillegg heldig, så glyttar sola fram, og då kan ein etter kvart som sola har stått på litt, får til dels solpåvirka og fin snø i solsidene.

Men ja, kva er status i fjellheimen? Det er ikkje til å legge skjul på at det er litt delvis, men det er meldt nedbør inn mot helga. Temperaturen skal truleg ligge på plussida relativt høgt til fjells, men det kan fort endre seg. Spesielt fredag er det meldt ein del nedbør, og som vanleg så kjem den truleg i kombinasjon med ein del vind. Det skal i følgje vêrprognosane dra seg til med kraftig vind frå søraust, men frå fredag kveld skal den dreie til frå nordvest. Då skal også temperaturen falle litt, og truleg vil nedbøren falle som snø i til dømes Fjellhaugen. Korleis dette utviklar seg vil ha mykje å sei for skiføret i helga. Vêrprognosane gir håp om litt sol på laurdag, så ein kan potensielt få ein fin dag til fjells både laurdag og sundag. Ver litt obs på det som fort kan verte fersk vindtransportert snø. Spesielt fredag og tidleg laurdag kan det vere enkelt å løyse ut skred i den ferske fokksnøen, og skreda kan verte store. Ta konservative val, og still deg alltid spørsmål «Kvifor er dette trygt?» når du er i skredterreng. Då bør du kunne gi deg sjølv, eller dei du er på tur med, gode svar. Hugs på at fråvær av fareteikn tyder ikkje nødvendigvis på at noko er trygt.

Skitur under blå himmel
rose

Skiføre frå høgde:

Det varierer ein del, avhengig av kor i området du er, men du kan finne ok skiføre frå sirka 500-600 moh og opp, men merk at her er det variasjon. Litt lågare nokre plassar, høgare andre. Spesielt på dei mest fjordnære fjella, må ein eit stykke opp i høgda for å finne skiføre.

rose

Himmelretning med best skiføre:

I skrivande stund så byr alle himmelretningane på relativt likt føre. Den førre runden med mildvêr gjekk høgt til fjells og følgjeleg omdanna det snøpakken til ein relativt hard smeltepakke. I løpet av veka har det falle litt nysnø i høgda, og som igjen har vorte transportert. Det fører til at det per torsdag kan finnes ok skiføre i

formasjonar mot sør-søraust og aust, men vêret på fredag, og kor mildvêrsgrensa kjem til å gå, vil ha alt å sei for korleis skiføret på laurdag og sundag vert.

rose

Primært skredproblem:

I skrivande stund så må du handtere det som er det vanlegaste skredproblemet: Fokksnø. Men hugs på at det kan vere lokale variasjonar. Inn mot helga forsterker denne problematikken seg i form av ustabile fokksnøflak i mange himmelretingar, frå søraust til nordvest, men merk at vindretningen kan endre seg fort.

Følg med på https://varsom.no/snoskred/var... for oppdatering av skredvarselet. Her finner du ofte lokale meldingar som kan gi ein peikepinn på status på skiføret. Hugs på at skredfaren kan endre seg veldig fort. Vel tur etter evne, og hugs på at det er ditt eige ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal på tur!

God tur!


Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport

Pudderføre
Sjå alle

Fleire reisetips