Snørapport pr 23 februar 2023

Vinterstemning

Sol (?!) og vinterferie!

rose

Det kjennes ut som om at eg repeterer meg sjølv, men vinteren så langt har vore relativt føreseieleg. Snø og vind kjem som regel hand i hand, og som regel går det ikkje så langt tid før vinden dreiar på sør og varmare luftmassar snik seg inn over fjellheimen. Om ein kikkar opp på fjella frå eit eller anna punkt i kommunen vår så ser snødekket relativt tynt ut. Den observasjon stemmer noko lunde, men lukkelegvis så finnes det bra med snø om ei kjem seg på baksida av fjella. Det kan til dømes vere i området rundt Omnatind, eller innover dalane, til dømes i området rundt Fjellhaugen skisenter. Dei gjentekne rundane med mildvêr og attfrysing har ført til at vi har ein liten såle som forhåpentlegvis kjem til nytte seinare i vinter og vår. No må vi berre få litt nysnø til å legge seg over. Og er vi heldige, så får vi snø natt til fredag.

I skrivande stund, seint torsdag kveld, så snør det, eller rettare sagt, det sluddar utanfor vindauga. Men det vil jo seie at nedbøren fell som snø i fjellet. I tillegg så bles det ikkje, iallfall ikkje så mykje at det flyttar på store mengder med snø. Det kan, og her må ein understreke «kan», føre til at det kan bli fin-fint skiføre gjennom helga. Kanskje ligger det 10-15 cm nysnø i fjellheimen når vi vaknar fredag morgon?

Vêrprognosane for dei komande dagane og vinterferien er iallfall lovande for dei som ynskjer sol. Etter å ha vore gjennom alle sortane med snø, meir eller mindre kvar veke, så er ein ikkje så kravstor lengre.

Skitur under vintersol
rose

Skiføre frå høgde:

Det varierer ein del, avhengig av kor i området du er, men du kan finne ok skiføre frå sirka 400-500 moh og opp, men merk at her er det variasjon. Litt lågare nokre plassar, høgare andre. Spesielt på dei mest fjordnære fjella må ein eit stykke opp i høgda for å finne skiføre. Dersom det ligger snø lågare nede er det gjerne så tynt at det ikkje byr opp til den heilt store skiferdselen.

rose

Himmelretning med best skiføre:

I skrivande stund så byr alle himmelretningane på relativt likt føre. Den førre runden med mildvêr gjekk høgt til fjells og følgjeleg omdanna det snøpakken til ein relativt hard smeltepakke. I løpet av veka har det falle litt nysnø i høgda, og som igjen har vorte transportert som følgje av vind frå vest-nordvest. Det fører til at det per torsdag kan finnes ok skiføre i formasjonar mot sør-søraust og aust, men vêret natt til fredag er litt avgjerande for korleis skiføret vert. Det kan verte veldig bra, men det kan også verte heilt greitt.

rose

Primært skredproblem:

I skrivande stund så må du handtere det som er det vanlegaste skredproblemet: Fokksnø. Men hugs på at det kan vere lokale variasjonar. Snøen som skal falle natt til fredag kan komme i kombinasjon med litt vind, som kanskje er sterk nok til å byrje å flytte på snø. Det kan føre til mjuke, til dels bærande flak. Vinden skal variere litt, fyrst frå sør, der etter dreiande til frå nord, så vert litt obs på at skredproblemet kan vere aktuelt i fleire himmelretningar.

Følg med på https://varsom.no/snoskred/var... for oppdatering av skredvarselet. Her finner du ofte lokale meldingar som kan gi ein peikepinn på status på skiføret. Hugs på at skredfaren kan endre seg veldig fort. Det er ikkje slik at det må falle snø for at skredfaren kan auke. Det kan gå føre seg nokre indre prosessar i snødekket som også kan gi auka skredfare, så følg med på varsom.no. Vel tur etter evne, og hugs på at det er ditt eige ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal på tur!


God tur!


Tekst og foto:

Cato Leganger, Rosendal Fjellspoet

Sjå alle

Fleire reisetips