Foredrag med Edmund Utne – «Gamle nyhende til glede no»
Edmund Harris Utne er ein norsk hotell- og reiselivsleiar frå Hardanger. Han var fjerdegenerasjons eigar av Hotell Ullensvang på Lofthus, eit av dei mest kjende hotella i regionen. I 2006 vart han utnemnd til riddar a...
Kontaktinformasjon
Om
Edmund Harris Utne er ein norsk hotell- og reiselivsleiar frå Hardanger. Han var fjerdegenerasjons eigar av Hotell Ullensvang på Lofthus, eit av dei mest kjende hotella i regionen. I 2006 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for den langvarige innsatsen sin for norsk reiseliv. Familien Utne har lange tradisjonar innan hotell og samferdsel i Hardanger. Oldefaren Hans Utne flytta frå Utne til Lofthus og starta alt i 1846 med dampskipsekspedisjon og overnattingstilbod, noko som vart grunnlaget for hotelldrifta.
Skredhaugens vener skipar til mange arrangement på onsdagar gjennom sommaren. Det vert kafé med bakst og kaffi, og utstillingane Spor i tid og BEE Hardanger er opne. Alle er hjarteleg velkomne.
Billettar: Vaksne 125,- Student 75,- og born gratis