Lær å sy svartsaum og smøyg Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein v...
Lær å sy svartsaum og smøyg
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, belte, eller svartsaum til skjorte eller kaps.
Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar og belte, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. På bringklutane er smøygen sydd i fleire fargar, og gjerne nytta saman med andre broderitypar som plattsaum og kjedesting. Smøyg er og nytta på skjortekragar og på kaps. Då vert den kalla svartsaum, og er sydd med einsfarga, svart tråd, som oftast silketråd, på fin, kvit lin.
Kurslærar dette året er Agnete Sivertsen.