Naturkafè og fuglane

Naturkafè og fuglane
Okt
23

Naturvernforbundet i Kvinnherad ønskjer å invitere deg til vår aller første naturkafé, onsdag 23.oktober, kl. 18.30, i Bergslagen på Sunde. Me vil arrangere Naturkafé to gonger i året, og håpar dette kan bli ein aren...

Om

Naturvernforbundet i Kvinnherad ønskjer å invitere deg til vår aller første naturkafé, onsdag 23.oktober, kl. 18.30, i Bergslagen på Sunde.

Me vil arrangere Naturkafé to gonger i året, og håpar dette kan bli ein arena for å dele naturopplevingar, diskutere naturvern eller berre slå av ein prat, ete litt kake, sjå fine bilete og kanskje lære noko nytt.

Temaet denne gongen er fuglane. Sigve Solheim, erfaren og dyktig naturfotograf, vil halde bildeføredraget «Kvifor blir fuglane borte?» og stille ut bilete i Bergslagen denne kvelden. Det blir også musikkinnslag og open kafé.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Vel møtt i Bergslagen 23.oktober.

Kart