Folgefonna kryssing - Folgefonni Breførarlag

Folgefonna kryssing - Folgefonni Breførarlag

Folgefonni Breførarlag tar deg med på brevandring over Folgefonna. Opplev ein historiske bretur som tidleg lokka den Europeiske overklassen til Hardangerfjorden.

Booking

Om

Folgefonni Breførarlag tar deg med på ei historisk brevandring over Folgefonna, frå Sundal i Mauranger til Tokheim i Odda. Frå midten av 1800- talet til første verdskrig kom overklasse frå heile Europa for å oppleve Folgefonna. Då vart turen gjennomført på hesterygg frå fjorden til brekanten, og deretter med hest og slede over breen. I mellomtida segla luksusyachtane som tok dei med til Hardangerfjorden rundt Folgefonnhalvøya.

Med Folgefonni Breførarlag varar breturen over Fonna i to dagar, med overnatting på DNT hytte undervegs. Starten er vegen langs det vakre Bondhusvatnet, vidare føl du T-merka sti frå Bondhusdalen til hytta Fonnabu. Gåtid første dag er 6-8 timar. På Fonnabu er det overnatting med middagsservering.

Andre dag tar breføraren deg med over breplatået til DNT hytta Holmaskjer. Frå platået får du ei kjensle av å vere på Noregs tak, omgitt av ei spektakulær panoramautsikt. På Holmaskjer blir det lunsjstopp før turen går vidare ned til Odda. På dag to tar det ca. 3 t å krysse breen mellom dei to DNT hyttene. Deretter ca. 4 t frå Holmaskjer ned til Tokheim i Odda. Den enklaste delen av turen er sjølve brekryssinga. Frå Odda kan du hoppe på bussen eller ta drosje tilbake til Sundal (ca. 20 min gjennom Folgefonntunnelen).

Turen over Folgefonna er for erfarne turgåarar. På dag ein er det 1400 høgdemeter stigning. På dag to er det 150 høgdemeter stigning, som blir etterfølgt av 1600 høgdemeter nedstigning. Denne turen kan berre gjennomførast ved passande vêr og føre, og ved endringar må ruta justerast. Alt breutstyr middag og overnatting er inkludert i prisen. Du må ha med varme, vind- og vasstett kle, fjellsko, lunsjmat til to dagar og drikke. Solkrem og solbriller er viktig.

Eit turalternativ er å gå på eigenhand til Fonnabu og berre delta på Breføringa over til Holmaskjer, dette kostar kr. 990 per. pers.
 

Gradering
Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
Folgefonna kryssing frå Fonnabu, 1 dag
990,00
2-dagars-tur inkl. overnatting og middag
2490,00
*Pris frå