Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.
Nasjonale turistveger er 18 utvalde køyreturar gjennom det finaste av norsk natur. To av dei utvalde strekningane er i Hardanger, Nasjonal turistveg Hardanger og Nasjonal turistveg Hardangervidda.
Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar. Denne ruta er 158 km lang, og er eit nettverk av fire strekningar: Granvin-Steinsdalsfossen (veg 79/49), Norheimsund- Tørvikbygd (veg 49) og Jondal-Utne (veg 550) og Kinsarvik- Låtefoss (veg 13). Det er ferjekryssingar mellom Jondal-Tørvikbygd, og mellom Kvanndal -Utne og Utne-Kinsarvik.
Ein tur langs Nasjonal turistveg Hardanger opnar for eit mangfald av opplevingar, og du bør ta deg tid til aktivitetar, attraksjonar og fotturar undervegs. Legg og gjerne inn overnatting, i Hardanger det overnattingsmoglegheiter for alle budsjett.