Storemyr - Flatabøgryting

Storemyr - Flatabøgryting

Fottur i fjellterreng og naturskjøne omgjevnader.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter 2,0 km tar du opp til høgre; ein kort veg som endar ved skihuset på Storemyr. Der er det ein god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar.


Om turen

Ved skihuset i Krossdalen er det skilta til Flatabøgryting, og du følgjer lysløypa ca 0,5 km. Ved eit retningsskilt tar du av frå lysløypa og inn i litt myrlendt skogsterreng. Når terrenget etterkvart vert brattare må du over Gjetingselva og vidare i bratt, men god sti til du kjem over skoggrensa. Du kjem til Kvålsbotn og går i fint fjellterreng i denne opne dalen og så litt opp og forbi Skardtjørna. Når du kjem på høgste punktet ser du ned på Grytingsvatnet og stølen Flatabøgryting. Stien er merka vidare langs vestsida av Grytingsvatnet til stikryss, der du kan gå til venstre mot Hestadalen eller til høgre mot Breidsete.

Parkering: Sjå "startpunkt" 
Parkeringsavgift: Gratis, men det er ei avgift for å køyre til parkeringa. 
Lengde: 4,7km
Total gangtid: 4 timar 
Sesong: Juni - Oktober 
Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, medium 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart