Sigri Sandberg er på turne med boka som er ute, og klar for å møta sitt lydhøyre publikum. Me er svært glade for at ho svingar innom Ulvik på sin veg, og håpar publikum i alle aldrar vil ta turen denne kvelden. Som Sigri sjølv skriv i boka: For du og eg, me er natur, og me er heilt avhenging av at han fungerer! Arrangementet er i samarbeid med Ulvik SV og skulen på Hjeltnes. Kr 100 vaksen / kr 50 student
BookingSigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig, tenkjer ho no. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at me står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene me står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss?
Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 25 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive nær tjue bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok.
Sandberg skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå der ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. Ho vil finna fakta, snakka med folk, leita etter samanhengar, ei retning og ei trøyst.