Folkemusikkkonsertar i juli på Hardanger fartøyvernsenter

Folkemusikkkonsertar i juli på Hardanger fartøyvernsenter
Jul.
01-31

I juli vert det folkemusikkonsert med hardingfelespelar Guro Bell Berge på kaia ved Hardanger fartøyvernsenter.

Om

I juli vert det folkemusikkonsert med hardingfelespelar Guro Bell Berge på kaia ved Hardanger fartøyvernsenter.

Kvar konsert varar kring 20 minutter og er inkludert i museumsbilletten.

Speletider:

Veke 27:

Tysdag – torsdag + sundag, kl. 12:30, 13:30 og 14:30.

Veke 28* – 30:
Måndag – torsdag + sundag, kl. 12:30, 13:30 og 14:30.

Veke 31:
Måndag – torsdag, kl. 12:30, 13:30 og 14:30.

*Ingrid Sørheim (toradar) vikar i veke 28.

Konsertane er arrangert av Hardingfela.no

Sidan 2016 har unge, lokale folkemusikarar vert sendt ut på vegen i bygdene våre for å syne folkemusikken til lokalsamfunnet og turistar. Dei fleste konsertane er i dei ulike museumstuna til Hardanger og Voss museum.

Attåt å gje eit godt konserttilbod om sommaren så ynskjer me å gje våre unge utøvarar gode sommarjobbar og trening på formidling.

Kart