Kurs i Poding og skjering av frukttre 5-6 april

Kurs i Poding og skjering av frukttre 5-6 april
Apr
05-06

Holmen kulturpark Invitera til helgekurs i beskjæring av frukttre og podekurs. Velkomen til fruktbygda Ulvik og Holmen kulturpark. I Ulvik har det vore produsert frukttre sidan 1700-talet. Me gledar oss til å arrangera nye kurs våren 2025: Helga 29-30 mars og 5-6. april, kl. 10-16 Har du lyst til å laga ditt eige epletre?

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Laurdag: Poding av epletre og stiklingsformering av bærbuskar. Dagen startar med noko teori om kva poding er, kvifor ein podar, nokre podingsmetodar, kva utstyr ein treng for å pode og kva som kan podast. Me skal og innom ulike eplesortar og stell av podingane. Det vert og noko teori om stiklingsformeiring, kva det er, kva for buskar og tre som egnar seg til denne formeiringsmåten og kva ein treng av utstyr. I kurset får du poda 2 epletre som du får med deg heim. Du får og med deg stiklingar av solbær og rips. Sundag: Beskjæingskurs av eple og pæretre samt ulike hagebuskar. Dagen startar med noko teori om kva beskjæring er, kvifor ein beskjær, nokre metodar og kva utstyr ein treng. Det vert servert kaffi/te og varm lunsj. Me skal jobba med kvist og jord innandørs, så husk å ta på egna arbeidstøy. Prisar: kr. 1000 beskjæringskurs og kr. 1500 for podekurs: Heile helgekurset kr. 2300. Helsing Irene Holmen kulturpark

Kart

BESbswy