Rundtur frå Hjølmaberget (4 t)
Hjølmaberget - Vivelid - Fljodal - Såtefjell - Hjølmaberget. 4 t rundtur med praktfull utsikt over fjell, fjord og bre.
Om
Følg første del av turen til Vivelid ca 1,5 timar (sjå turbeskrivelse Hjølmaberget - Vivelid - Hjølmaberget). Ta gjerne turen innom Vivelid Fjellstova for ein kopp kaffi eller eit måltid. Gå vidare 0,5 time til stidelet mot Hedlo. Herifrå bratt opp til Skrubbhamrane og over bekken på sommarbru og forbi stidelet til Liseth. Vidare over Storasåta (Såtefjell) med praktfull utsikt over fjell, fjord og bre, og ned til stidelet frå Vivelid. Forbi nytt stidele frå Liseth og vidare gjennom skog tilbake til parkeringsplassen, ca 2 timar. Om du vil forlenga turen litt kan du gå til Hedlo Turisthytte for eit måltid, ca 45 min. gange kvar veg frå stidelet.
Dette er ein tur i høgfjellet. Dette må du vite før du går i høgfjellet i Norge:
Det er lurt å planlegge turen godt. Turisthyttene ynskjer forhåndsbestilling på overnatting, då er du sikra plass. Overnatting på dei DNT-hyttene som er tilrettelagt for forhåndsbestilling på nett kan bestillast på DNTs hyttebestillingsside. Her får du kjapt og enkelt oversikt over hvilke hytter som er tilgjengelege på dine valgte datoar. Bestill her
- Lengde i km 12,2
- Krevende
- Total stigning 275
- August
- Høst
- Juli
- September
- Sommer
- 4 timer