Sysendalen skisenter

Ein alpinbakke for store og små! Alpinanlegget i Sysendalen Skisenter er ikkje av dei største, men stort nok til å gi utfordringar for store og små.

Booking

Om

Fallhøgda er 210 meter og bakken har tre nedfartar. Trekket er 760 meter langt med T-krok og har ein kapasitet på 1200 passasjerar i timen. Eige, nytt barnetrekk. Med 18 snøkanoner og ny tråkkemaskin vert alt gjort for at me skal kunne tilby velpreparerte løyper i sesongen. Skitrekket opnar 2. juledag og vil halde ope til over påske om snøforholda tillet det. Trivsel for store og små alpinistar er vårt motto for bakken. Det er kveldskøyring kvar fredag når det er langrennskarusell.

Skiutleige og varmestove/kiosk.

Aktiviteter
Sesong
Skiutleie
Vintersport

Kart