Web 685 A8484
6 Bading Oystese B
Web kopi Fotograf Ruben Soltvedt
DSC00642
Hardangerbadet_DSC06317

Populære ting å gjera med barn i Hardanger

Kvam og Hardanger er ein perfekt destinasjon for norgesferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien. Den langstrakte kommuen Kvam i ytre deler av Hardanger har mykje å by på for småbarnsforeldre som vil skapa gode ferieminner med familien.

Frå badeland til interaktive utstillingar og turar på fjorden – du kjem ikkje til å gå tom for inspirerande og spanande ting å gjera i Kvam og Hardanger. Med sin nærleik til Bergen og kort veg til resten av Hardanger, er Kvam eit perfekt utgangspunkt for ein ferie på og langs Hardangerfjorden.

Ein fartfylt båttur med RIB er alltid populært blant barna. Kom tett på fossefall og kjenn vasspruten i ansiktet. Om de er heldige, kan de få sjå både ørn, niser og spekkhoggarar på nært hald. Hardangerfjord Adventure og Norheimsund RIB Seafari tilbyr båtturar i Hardangerfjorden og Fyksesundet frå både Norheimsund og Øystese.

Alle barn elskar å bade, og her finn de mange fantastiske badestrender over heile kommunen. Både Norheimsund og Øystese har flotte sandstrender i sentrale område, men det finst også mange skjulte perler. Spør turistinformasjonen for gode tips!

Om det skulle regna, kan de besøka Hardangerbadet i Øystese. Der kan heile familien kose seg med vannsklie, treningsbasseng, familiebasseng, motstrømsbasseng og klatrevegg.

I same bygget som Hardangerbadet finn du Hardanger Akvasenter si interaktive utstilling om akvakultur. Etter eit besøk her kan de fortsetja omvisninga på visningsanlegget på fjorden. Hit vert de frakta med RIB og får mellom anna ta del i mating av fisken.

Mata fisk kan ein også gjera i Gullfiskvatnet. Vatnet, som er ein fin raste- og badeplass, er heim til «gullfiskar» som set stor pris på å få mat frå både store og små.

Kva med å kombinera aktivitet og læring? På Hardanger fartøyvernsenter kan barna ta del i fleire spennande og lærerike aktivitetar. Her kan dei lage trefigurar, lage reip, byggje små båtar og lære knutar. Leig gjerne tradisjonelle robåtar og ta ein roleg tur på fjorden.

Kvam og Hardanger er ein perfekt destinasjon for ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.

Fleire tips til aktivitetar med barna

Sjå alle

Fleire reisetips