Rosendal Kammermusikkfestival

Rosendal Kammermusikkfestival
Aug
07-11

Tittel og tema for 2024-utgåva av festivalen er henta frå Bela Bartóks Kontrastar. Det er utgangspunktet for ei fem dagar lang utforsking av ungarsk musikk, med verk av mellom andre Liszt, Kodaly og Kúrtag. Ein direkt...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Tittel og tema for 2024-utgåva av festivalen er henta frå Bela Bartóks Kontrastar. Det er utgangspunktet for ei fem dagar lang utforsking av ungarsk musikk, med verk av mellom andre Liszt, Kodaly og Kúrtag. Ein direkte kontrast er musikken til Johann Sebastian Bach, som òg er sentral i festivalen. Under leiing av Grete Pedersen blir det to framføringar av Johannespasjonen ved Det Norske Solistkor og eit barokkorkester sett saman for anledninga, og fleire konsertprogram utforskar verdslege verk og kammermusikk av Bach.

Dette seier Leif Ove Andsnes om 2024-programmet: «Ideen til KONTRASTAR vaks ut av festivalen sist sommar. Då markerte me at det var 100 år sidan Ligeti blei fødd, og me feira Brahms, som har så mange ungarske drag i musikken sin. Det kjennest naturleg å fortsetja utforskinga i år, ikkje minst fordi ungarsk musikkhistorie er så uvanleg mektig. Få andre land har fostra eit like breitt spekter av musikalske personlegdommar som alle på spektakulært vis har integrert forteljinga om heimlandet i verka sine. Dette er særleg slåande når me veit kor store utfordringar mange av desse komponistane møtte på som ein konsekvens av det politiske spelet i tida dei levde i. Liva og samtida deira er reflektert i musikken – både i virtuositeten og i det ekstremt uttrykksfulle.»



«Som ein absolutt kontrast til det ungarske vil me æra Johann Sebastian Bach. Eg har lenge hatt lyst til å invitera Det Norske Solistkor til Rosendal, og i år har me det perfekte høvet til å feira at det er 300 år sidan Johannespasjonen blei framført første gong, eit meisterverk like mektig dramatisk og rørande i dag som i 1724. Når me tar Johannespasjonen til Rosendal, så langt unna den politiske verdsscena, med slottet bygd like før Bach blei fødd, får me ro og rom til å lytta og reflektera, i sympati med menneske som lir i krig og konflikt.»

Kart