Sommarope på KraftLaben

Sommarope på KraftLaben
Jun.
23-22

KraftLaben i Odda held sommarope tysdag–laurdag 11–16 i heile skuleferien. Kjekke aktivitetar for heile familien!

Om

KraftLaben i Odda held sommarope tysdag–laurdag 11–16 i heile skuleferien.

På KraftLaben møtest naturvitenskap og industrihistorie i ei ramme av oppleving, undring og leik. Her får du utforska naturen sine fantastiske krefter og fenomen med alle sansar gjennom engasjerande utstillingar. Bli med og delta i spanande eksperiment på ekte laboratoriebenkar frå det historiske smelteverket i Odda.

Eit besøk på KraftLaben er den perfekte aktiviteten for heile familien, der alle kan ta del i interaktive utstillingar, eksperiment og fascinerande vitenshow. Ute finn du ein flott vitenpark og leikeplass for nysgjerrige sinn, der leik og læring går hand i hand.

Velkomen!

Kart