Utstilling: Under press

Utstilling: Under press
Jun.
01-30

Frå urgamal is til ny energi. Straumen er fornybar, men breane er sårbare. I sommar kan du oppleve fotoutstillinga «Under press» i Tysso I kraftstasjon ved Kraftmuseet. Bileta er tekne av Dag Endre Opedal og viser ulike bremotiv frå Folgefonna.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Frå urgamal is til ny energi. Straumen er fornybar, men breane er sårbare. I sommar kan du oppleve fotoutstillinga «Under press» i Tysso I kraftstasjon ved Kraftmuseet. Bileta er tekne av Dag Endre Opedal og viser ulike bremotiv frå Folgefonna.

Isbrear er storslegne og fascinerande kolossar med sine vakre blåfargar og djupe sprekker. Med sakte og tolmodig rørsle formar dei landskapa under seg ved hjelp av tyngdekrafta og den enorme vekta si, som ei saktegåande elv.

Breane har stor betydning for lokalt friluftsliv og turisme, som kjelde til smeltevatn – og til energi.

Men isbreane er under press. Éin etter éin forsvinn dei. Berre i Alpane har hundrevis av skitrekk forsvunne dei siste tiåra. Då drifta på sommarskisenteret på Folgefonna stoppa opp i 2024 gjekk det ikkje mange månadane før smeltevatnet slukte fleire av mastene og skitrekket kollapsa.

Vatn frå norske brear vert til vasskraft og vidare til straum. Vatnet går i krinsløp og kjem att. Energien er fornybar, men breane – forma gjennom tusenvis av år – kan forsvinne på eitt menneskeliv.

Utstillinga kan opplevast i sommar, frå 1. juni.

Kart