«Vi må lære oss å vere til stades i det som er, og i det som ikkje er, å sanse det som nesten ikkje synest.» — Arne Næss Velkommen til utstilling i det gamle bankbygget i Ølve, Sunnhordaland. Her er verker frå fire ...
«Vi må lære oss å vere til stades i det som er, og i det som ikkje er, å sanse det som nesten ikkje synest.»
— Arne Næss
Velkommen til utstilling i det gamle bankbygget i Ølve, Sunnhordaland. Her er verker frå fire kunstnarar samla under eit tak, dei undrar seg på sitt vis over korleis vi bind oss til samtida. Dei fangar det flyktige, støvet som svevar i lufta, rommet mellom no og då.
I Phenomenology of Perception skriv Maurice Merleau-Ponty at menneske sanser, forstår og handlar gjennom kroppen, før tanken og før språket. I denne utstillinga vert du invitert til å sanse først, tenke seinare. For det me kjenner, lev me oss inn i. Det vi rører ved, rører ved oss.
Skrritch, sssssyh, swish, plomp. Situasjon, rørsle og berøring er fellesnemner i kunstnarskapa du møter her. Du er invitert til å gå nært og lytte til kunstverka.
Arild Horvei Instanes kombinerer måleri med materialbaserte undersøkingar. I nyare verk brukar han tepper som underlag. Estetikken balanserer kontroll og impuls og ber preg av urbane referansar. Kalligrafi, teikneseriar, malingssøl og kvardagsnotat smeltar saman i abstrakte, men gjenkjennelege landskap.
Maria Helena Konttinen Nerhus stiller ut tekstilar laga av sjølvutvikla biomateriale, inspirert av tradisjonelle vevteknikkar. Arbeida, ramma inn med handspikka treverk, undersøker materialets forgjengelege og levde kvalitet.
Sara Cecilie Miran knytt saman feltarbeid og handverk til metamorfiske skulpturelle uttrykk. I serien Et skud i tågen, avbilda Miran landskapet i Hardanger og på Hardangervidda, frå bjørkeskog til fjelltopp, i poetiske hybridskapningar. Ei fleirstemd forteljing oppstår i møte mellom sanka naturmaterial; birkeskot, stein, greiner, metall og keramikk.
Sari Naglestad Sangolt arbeider med teikning i eit repetitivt, dagleg møte, ein meditativ prosess. Auge og hand bearbeider landskap og tilstander, og lar det tause tre fram.
Sanselege observasjonar, stadbundne minne og eksperimentelle prosessar flettar seg saman. Dette er ei utstilling om å lytte, om å vere til stades i det som nesten forsvinn, det som ikkje alltid kan settast ord på. Kunnskap ligg i det skjøre, som støv i lufta, svevande mellom eksistens og materiale.
Plakat av Arild Horvei Instanes.
Utstillinga er støtta av: Statens Kunstnarstipend & Norske Kunsthandverkarar