Det permanente kunstverket Hardanger Skyspace er signert den amerikanske kunstnaren James Turrell . I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til 18 personar, gir kunstverket ei unik opplevin...
BookingDet permanente kunstverket Hardanger Skyspace er signert den amerikanske kunstnaren James Turrell .
I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til 18 personar, gir kunstverket ei unik oppleving av farge, himmel, rom og lys.
Ved demring og skumring vert rommet fylt med farga lys som verkar inn på opplevinga av himmelflata.
Lat deg forundra og forbløffa over kva du ser!
Vêrtilhøve og årstid verkar inn på opplevinga, slik at kvart besøk vert unikt.