Pilagutt - Hardanger Fjordcruise

Pilagutt - Hardanger Fjordcruise

Explore hidden gems, waterfalls, fishing spots, or simply cruise through the stunning Hardangerfjord with a private guide. Customize your own fjord cruise on the Hardangerfjord aboard the M/S Pilagutt boat.

Booking

Om

Få kjenner Hardangerfjorden betre enn M/S Pilagutt med den lokale kapteinen Kurt i spissen. Han plukkar deg opp på avtalt plass i Hardanger-regionen og syrgjer for ei fantastisk kjekk oppleving på fjorden.

Fossefallsafari i mektige Botnen, den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden omkransa av fjell på omlag 1000 meters høgde med fossar som på spektakulært vis kastar seg ned frå fjellsidene. Eller kva med eit cruise gjennom den kanskje flottaste fjorden i Noreg om ein skal tru tilbakemeldingane Kurt har fått så langt? Alternativa er mange, og om bord Pilagutt er det du sjølv som vel kva du vil oppleva.

M/S Pilagutt har plass til 11 personar og tilbyr fleksible opplegg for både individuelle og grupper. Anten det er familie-, jobb- eller vennetur – du vil garantert finna noko som passar deg. Den 34 fot lange Viknes-båten har høgt sete som gjer at du - uansett vêr eller vind - vil ha god utsikt langs heile turen. Båten har og gode sitje- og spisemoglegheiter – inne som ute.

PS: Ikkje la dårleg vêr stoppa deg! Regnfulle dagar kan ein nemleg rekna som positivt: Vatnet og krafta i fossane er langt meir spektakulær, og er du av den overtruiske sorten, veit ein også at fiskelykka er best i dårleg vêr.

Velkomen til M/S Pilagutt i Hardanger!

Båter
Sesong

Kart