07.02 - 03.05.26 Ingrid Toogood, Bjørn Båsen og Lars Korff Lofthus Årets første utstilling presenterer tre malarar med tema ornamentikk og rom Ein viktig del av å jobbe med maleri er å bestemme seg for kva f...
07.02 - 03.05.26
Ingrid Toogood, Bjørn Båsen og Lars Korff Lofthus
Årets første utstilling presenterer tre malarar med tema ornamentikk og rom
Ein viktig del av å jobbe med maleri er å bestemme seg for kva for eit rom ein ynskjer å skape. Gjennom historia har dette endra seg mange gonger. Nokon gonger har det vore viktig at maleriet skal vere så «flatt» som mogleg. Andre gonger har det vore viktig å skape store tredimensjonale rom. Denne utstillinga viser tre kunstnarar som er oppteken av kva dette rommet kan vere.
I tillegg til det reint maleriske rommet ynskjer dei å undersøke korleis sjølve gallerirommet kan bli ein del av samtalen.