Svåsand - Vassenden

Svåsand - Vassenden

Fottur i varierande terreng og stigningsgrad til Vassendvatnet.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta av frå veg 550 i Svåsand, på ein gardsveg der det står informasjonstavle og turskilt til Vassenden. Har du bil, køyr denne vegen opp til gardstunet, eller parker ved hovudvegen. Det er ikkje gode parkeringsplassar ved hovudvegen eller i gardstunet. Ved parkering i gardstunet må du avtala med dei som bur der. Parkering på eige ansvar.

Om turen

Følg gardsvegen forbi gardshusa og over på traktorveg. Dersom du opnar grinder må du hugse å lukke dei. Når du har passert husa i Dalen står det eit retningsskilt. Herifrå er det sti med varierande stigningsgrad opp til stølen Klepp. Vidare går stien i lett skogsterreng (litt myrlendt) til du kjem fram til grusvegen som går opp til Vassenden. Ved Vassenden finn du informasjonstavle.

Parkering: Sjå under "startpunkt"

Pakreringsavgift: gratis 

Lengde: 4,5 km

Total gangtid: 4 timar 

Sesong: april - november 

Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, middels 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart