Rundtur om Langaskarv og Såta med flott utsikt over Hardangerfjorden, Samlen og Herand.
Startpunkt
4,1 km nord for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg litt sør for det høgste punktet på vegen (Åsleite). Det står ei infotavle der. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Etter ca. 2,1 km (ca. 300 m før enden av vegen) kjem du til Langaskarv, der det er skilta til Såta. Her er det ein liten parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Ved enden av vegen er det ei infotavle.
Om turen
Turen går for det meste i tørr og god sti; i starten gjennom bjørkeskog, og når du kjem over tregrensa går stien oppå ein rygg heilt til du kjem opp til Såtesteinane. Det er fin utsikt mot Hardangerfjorden, Samlen og ned til Herand langs heile denne ryggen. Ved Såtesteinane vender stien mot Såta, med utsikt mot stølane og tilhøyrande vatn. Flott utsikt i alle retningar når du kjem opp på Såta. Vidare går du ned til krysset med stien til Tostøl, og følgjer denne stien tilbake til Våhaug og vidare ned vegen til Langaskarv .
Denne turen er ein rundtur og er omtalt å starta ved Langaskarv, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsett veg. Då går du opp til Våhaug og vidare mot Tostøl. Når du kjem oppover eit stykke er det skilta til Såta.