Om turen
Ved parkeringsplassen er det ei infotavle. Gå ca. 50 m til ei bru. Her er det skilta til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå over brua i retning Tostøl. Stien er forholdsvis lett å gå, men med ein del små kneiker. På blaute parti er det er lagt steinar til å trø på. .Etter kort tid kjem du til stikryss med skilting til Tostøl og Såta. Gå mot Tostøl. Etter ca.1 time kjem du øvst i Saurdalen, til eit stikryss med skilting til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå mot Tostøl. Etter kort tid kjem du ned til Samdalsstølen med Viddalsvatnet nedanfor. Du er framme ved Tostøl etter om lag ein halv time.
Parkering: Våhaug, sjå info under "startpunkt"
Pakreringsavgift: gratis, men bomveg for å køyre opp til Våhaug
Lengde: 4,9 km
Total gangtid: 4t 30 min
Sesong: Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen
Vanskegrad/gradering: Blå, middels