Saksaklepp - den høgste toppen i Jondal på 1491 moh Startpunkt Køyr frå Jondal mot Krossdalen. Køyr til høgre etter 10 km mot Folgefonna. Fortsett 6 km, og ta deretter til venstre til startpunktet ved Dravladals...
Saksaklepp - den høgste toppen i Jondal på 1491 moh
Startpunkt
Køyr frå Jondal mot Krossdalen. Køyr til høgre etter 10 km mot Folgefonna. Fortsett 6 km, og ta deretter til venstre til startpunktet ved Dravladalsdammen.
Om turen
Fottur langs toppen av demningen, og deretter ein ganske bratt stigning opp mot Bjødnafetet. Nydelig utsikt over Folgefonna mot sør frå hytta ved Bjødnafetet. Vidare mot Saksaklepp er det kupert terreng der du går meir på fjell. Det kan liggje snøfonner heile året på stien mellom Bjødnafetet og Saksaklepp.